Ledig stilling

Vi søkjer alltid dyktige folk!

Nomeland Maskin AS er ei solid entreprenørbedrift med lange tradisjonar innan anleggsbransjen i Setesdal. Vi utfører varierte oppdrag innan veg, grunnarbeid og anlegg, og er kjende for kvalitet, pålitelegheit og eit godt arbeidsmiljø.

Vi har for tida inga bestemt stilling utlyst, men vi er alltid på utkikk etter dyktige maskinførarar og andre fagleg sterke medarbeidarar til teamet vårt. Er du sjølvstendig, nøyaktig og løysingsorientert, med godt humør og stå-på-vilje, høyrer vi gjerne frå deg.

Vi ser etter deg som:

  • Er sjølvstendig, nøyaktig, tolmodig og ansvarsbevisst

  • Er løysingsorientert og praktisk anlagt

  • Har gode samarbeidsevner og kommunikasjon

  • Jobbar strukturert og målretta

  • Har HMS i fokus

  • Har godt humør og stå-på-vilje

  • Er fagleg dyktig og kvalitetsbevisst

  • Har god arbeidsmoral og gjennomføringsevne

Hos oss får du:

  • Moglegheiter, ansvar og utfordringar

  • Gode løns- og arbeidsvilkår

  • Gode pensjonsordningar

  • Ein del av eit sterkt team med dyktige kollegaer

  • Moderne maskinpark og godt utstyr

  • Spennande og varierte prosjekt

Send oss gjerne ein uoppfordra søknad, eller ta kontakt for ein uforpliktande prat om kva vi kan tilby og kva du er ute etter.

Ta kontakt på telefon 37 93 60 00 eller post@nomeland.no

Vi ser fram til å høyre frå deg!